tysdag 30. mars 2010



Fusa - midt i blinken!


Dette er visjonen kommunestyret har vedteke for Fusa 2010-2020. Ønsket er at fusingane og potensielle tilflyttarar skal oppleva Fusa som midt i blinken!


Ein visjon skal vera eit bilete av framtida, noko å strekkja seg etter, noko som kan engasjera, samla og treffa mange. ”Fusa – midt i blinken” var eit av framlegga frå visjonsdugnaden kommunestyret hadde 13. januar. Uttrykket gjev positive assosiasjonar: Det som er ”midt i blinken”, er synleg på ein positiv måte og det går an å vera stolt av det. Det er treffsikkert, offensivt og aktivt – kort sagt det rette.


I tillegg er det i Fusa kopla til geografi, særpreg og tradisjonar. Geografisk ligg Fusa i Midthordland – midt i Hordaland. Og vi har som kjent stolte tradisjonar innan skiskyttarsporten.

Levande bygder - sterkt sentrum

Det overordna målet for Fusa 2010-2020 er å auka folketalet. For å nå dette målet og leva opp til visjonen "Midt i blinken" vil kommunestyret satsa på:
  • berekraftige lokalsamfunn
  • treffsikre kommunale tenester
  • samhandling og samarbeid

Vidare stikkord er aktiv fritid, rikt kulturliv, sosiale møteplassar, attraktive tomter, gode kommunikasjonar, sterkt sentrum og levande bygder.

Politikarane skal framover våren arbeida med mål og strategiar for både Naturkommunen Fusa, Bukommunen Fusa og Arbeidskommunen Fusa. Det er lagt opp til tre folkemøte i april og møte med ymse interessegrupper framover våren.

Korleis kan Fusa verta ein endå betre og meir attraktiv kommune å bu i? Har du ein idé eller eit ønske for Fusa 2010-2020, så kom med han!

fredag 11. desember 2009

Julehelsing frå Fusa kommune



Fusa kommune ønskjer alle innbyggjarar
ei riktig god jul og eit godt og aktivt nytt år!

måndag 12. oktober 2009

Slektsgranskingsring




Er du interessert i slaktsgransking? Kunne du tenkja deg å vera saman med andre med same interesse? Kanskje læra av kvarandre? Då er den nye slektsgranskingsringen i Fusa noko for deg!

Torsdag 1. oktober inviterte Fusa folkebibliotek til slektgranskingskveld i biblioteket med besøk av Hans Ordin Østerbø frå organisasjonen DIS-Norge (Databehandling i slektsforsking). Han gav nyttige råd til dei mange frammøtte slektsgranskingsentuasiastane. Dette var eit tema som fenga. Mange ønskjer å gå vidare og det blir eit nytt slektsgranskingstreff i biblioteket torsdag 29. oktober kl 18.00.

Ei lita gruppe har halde på i to år etter eit innføringskurs på Fusa folkebibliotek. No er nye og gamle slektsgranskingsentusiastar velkomne til å vera med vidare!

Noko for deg? Ta kontakt med Margrethe i biblioteket i opningstida (sjå nettsida), tlf. 56 58 01 55, eller send ein e-post til bibliotek@fusa.kommune.no Margrethe hjelper deg òg med å skaffa bygdebøker frå andre kommunar.

Seniornett i Fusa




Torsdag 24. september og laurdag 10. oktober vart det arrangert SeniorSurf i Fusa folke-bibliotek i Kommune-tunet i Eikelandsosen. Arrangementet var eit samarbeid mellom Fusa frivilligsentral og biblioteket. På dagsorden stod diverse data-tema: Ny på PC - Korleis finna fram på Internett - E-post og vedlegg – Netthandel – Facebook – Blogging – Slektsgransking – Nettbank.

Seniorsurfarane var så begeistra etter desse dagane at frivilligsentralen i samarbeid med biblioteket bestemte seg for å dra i gang Seniornett-klubb i Fusa. Seniornett skal vera for, om og av seniorar. Det vil seia ein møtestad der eldre databrukarar møtest og hjelper kvarandre. Seniornett er etablert på landsbasis og har eiga nettside: http://www.seniornett.no/ I Hordaland finst det så langt 11 lokalklubbar i Bergensområdet og 1 på Fitjar, så fusaseniorane er tidleg ute!

Er du interessert i å vera med? Vend deg til Fusa folkebibliotek i opningstida (sjå nettsida), tlf. 56 58 01 55, eller send ein e-post til bibliotek@fusa.kommune.no

tysdag 29. september 2009

Fusa ungdomsråd


Nyvalde Fusa ungdomsråd hadde sitt første møte for hausten
29. september.
Ungdoms-
rådet består av Øystein Brekke Skjelvan, Lise Marie Hoel, Lena Skåtun, Preben Aleksander von Ahnen, Vegar Berget og Tarjei Mikkelsen. Stein Olav Hauge skal møta som vaksenpolitikar frå kommunestyret.

Kva er ein arealplan? Korleis ser han ut? Kva betyr dei ulike fargane? Kva får planane å seia for oppvekstmiljøet til barn og unge? Tidlegare plansjef Inge Kaldestad informerte dei nyvalde. Ungdomsrådet skal uttala seg om alle plansaker i Fusa og passa på at barn og unge sine interesser vert tatt vare på.


Har du tips til ungdomsrådet? Kom med dei!