tysdag 29. september 2009

Fusa ungdomsråd


Nyvalde Fusa ungdomsråd hadde sitt første møte for hausten
29. september.
Ungdoms-
rådet består av Øystein Brekke Skjelvan, Lise Marie Hoel, Lena Skåtun, Preben Aleksander von Ahnen, Vegar Berget og Tarjei Mikkelsen. Stein Olav Hauge skal møta som vaksenpolitikar frå kommunestyret.

Kva er ein arealplan? Korleis ser han ut? Kva betyr dei ulike fargane? Kva får planane å seia for oppvekstmiljøet til barn og unge? Tidlegare plansjef Inge Kaldestad informerte dei nyvalde. Ungdomsrådet skal uttala seg om alle plansaker i Fusa og passa på at barn og unge sine interesser vert tatt vare på.


Har du tips til ungdomsrådet? Kom med dei!

onsdag 9. september 2009

Fleirbrukshall i Eikelandsosen frå 2011?

Fusa kommunestyre bestemte seg i juni 2009 for at kommunen skal yta tilskot til drift av ein fleirbrukshall på Leiro i Eikelandsosen frå 2011. Samtidig vert det understreka at sjølve bygginga av hallen er heilt avhengig av støtte frå private investorar.

Kommunestyret seier i vedtaket sitt at ein fleirbrukshall vil vera av stor verdi for Fusa-samfunnet og gje auka idrettsaktivitet, fremja helse og bli ein samlande og sentral møteplass for heile kommunen.

Kva meiner du om dette?

Romprogram
Skissa for fleirbrukshallen omfattar eit bygg på 3510 m2. Romprogrammet har vore nøye drøfta med idretten i Fusa (gjennom Fusa idrettsråd). Det er lagt opp til handballbane, klatrevegg, styrketreningsrom, bowlingbanar og miniatyrskytebane. Det er òg kome forslag om ein innandørs sandvolleyballbane. Elles skal det vera tribune og flyttbar scene, garderobar, foaje/kafeteria, sosialt rom, grupperom/møterom og kjøkken.

Fleirbruk
Fusa kommunestyre ønskjer at prosjektet skal byggja på dette romprogrammet, så langt ein kan få på plass finansieringa. Dersom det blir for lite pengar, er tilrådinga at ein tek bort aktivitetar heller enn å redusera kvalieteten. Hallen skal etter planane vera godt eigna til fleirbruk: Fleire idrettar kan pågå samstundes, og ein har gode areal til møteplassar og sosial kontakt. Hallen kan også fungera som storstove for store kulturarrangement.

Sponsorhjelp
Fusa kommunestyre ba vidare om at det vert førebudd skiping av eit aksjeselskap som skal stå for bygging og drift av fleirbrukshallen. Fusa kommune er grunneigar. Framdrifta i prosjektet vil vera heilt avhengig av at ein kan få drahjelp frå private investorar. Prosjektet står og fell med dette.

Sjå vedtaket.