tysdag 30. mars 2010



Fusa - midt i blinken!


Dette er visjonen kommunestyret har vedteke for Fusa 2010-2020. Ønsket er at fusingane og potensielle tilflyttarar skal oppleva Fusa som midt i blinken!


Ein visjon skal vera eit bilete av framtida, noko å strekkja seg etter, noko som kan engasjera, samla og treffa mange. ”Fusa – midt i blinken” var eit av framlegga frå visjonsdugnaden kommunestyret hadde 13. januar. Uttrykket gjev positive assosiasjonar: Det som er ”midt i blinken”, er synleg på ein positiv måte og det går an å vera stolt av det. Det er treffsikkert, offensivt og aktivt – kort sagt det rette.


I tillegg er det i Fusa kopla til geografi, særpreg og tradisjonar. Geografisk ligg Fusa i Midthordland – midt i Hordaland. Og vi har som kjent stolte tradisjonar innan skiskyttarsporten.

Levande bygder - sterkt sentrum

Det overordna målet for Fusa 2010-2020 er å auka folketalet. For å nå dette målet og leva opp til visjonen "Midt i blinken" vil kommunestyret satsa på:
  • berekraftige lokalsamfunn
  • treffsikre kommunale tenester
  • samhandling og samarbeid

Vidare stikkord er aktiv fritid, rikt kulturliv, sosiale møteplassar, attraktive tomter, gode kommunikasjonar, sterkt sentrum og levande bygder.

Politikarane skal framover våren arbeida med mål og strategiar for både Naturkommunen Fusa, Bukommunen Fusa og Arbeidskommunen Fusa. Det er lagt opp til tre folkemøte i april og møte med ymse interessegrupper framover våren.

Korleis kan Fusa verta ein endå betre og meir attraktiv kommune å bu i? Har du ein idé eller eit ønske for Fusa 2010-2020, så kom med han!